MASFJORDEN NÆRINGSPRIS
RETNINGSLINJER
FORMÅL
§ 1 Prisen er meint som ein inspirasjon til næringslivet i kommunen og skal vera eit heidersteikn til verksemda som mottel prisen. Prisen skal vere tildelt ei verksemd som har utmerka seg og alle kan komma med framlegg til kandidatar. Blant kandidatane vel ein oppnemnt komité vinnaren.
INNHALD§ 2 Prisen skal bestå av eit diplom i tillegg til ein pengesum sponsa av Masfjorden kommune.
KVEN KAN FÅ PRISEN?§ 3 Krav til verksemder som kan få prisen:
- Alle som leverer næringsoppgåve.
- Hovudkontoret må liggje i Masfjorden.
- Verksemda må ha vore i drift i eit heilt år og må ha levert årsrekneskap.TIDSPUNKT FOR TILDELING
§ 4.a Prisen skal verte tildelt årleg, fortrinnsvis under Kraftspela eller ved tilsvarande arrangement. Dersom det ikkje er noko høveleg arrangement, skal prisen verta delt ut i løpet av første halvår kvart år.§ 4.b Dersom komiteen ikkje finn verdige kandidatar, vil det ikkje verta delt ut nokon pris for det aktuelle året.
FRIST FOR NOMINERING AV KANDIDATAR§ 5 Alle kan komme med framlegg til kandidatar. Medlemmar av Masfjorden Næringsforum skal kvart år bli oppfordra til å nominera aktuelle kandidatar til prisen. Frist for å komme med framlegg vert sett til 1. mars kvart år.
TILHØVE SOM SKAL VEKTLEGGAST VED TILDELING§ 6.a Følgjande kriterium/ forhold vil bli lagt vekt på ved tildeling av pris:
- Skaper positivt omdømme for Masfjorden
- Evne til omstilling og nytenking
- Skaping av arbeidsplasser
- Resultatutvikling
- Arbeidsmiljø
- Kompetanseutvikling
- Serviceinnstilling
- Miljøomsyn§ 6.b Kriterium for prisen skal godkjennast av årsmøtet for Masfjorden Næringsforum kvart år.
KOMITÉ FOR TILDELING AV PRIS§ 7. a Komiteen for tildeling av prisen skal vera samansett av fem personar:
- 2 personar frå styret i MNF, vald på årsmøtet
- Sparebanken Vest i Knarvik v/ næringsavdelinga
- Avisa Nordhordland v/ redaktøren§ 7.b Styret i MNF skal kvart år vera pådrivar for utdeling av Masfjorden Næringspris.